img4

Historikk

Betonghistorie sidan 1956!

Hjørnesteinen i konsernet runda 50 år i 2006. Wergeland markerte dette med open dag fredag 17. november. Det var stor oppslutnad både av lokalbefolkinga og tilreisande. Elevar frå dei lokale skulane var spesielt inviterte. Skulekorpset spelte og det vart servert kaker og kaffi. Det var omvising heile dagen på konsernet sitt industriområde i Sløvåg.

På betongavdelinga var Terje Wergeland og Ove Sleire vertskap og besøkjande kunne gå i produksjonslokala og få sjå og høyre om produksjonen slik den er i dag. M/S ”Halsvik III” låg ved kai og her vart det servert festkake og kaffi. I tillegg var supplybåten ”Scandi Caledonia” ved kai, og gjestane fekk omvising om bord. Kabelferja var gratis denne dagen og reisande fekk servert kaker og kaffi. Hans Wergeland køyrde guide-rute på resten av industriområdet med minibuss.

Markeringa heldt fram 18. november: Hurtigruta M/S ”Kong Harald” la til kai i Sløvåg, der oppunder 200 personer inkludert tilsette m/fylgje og andre inviterte gjestar, kunne gå om bord. I Bergen samla alle seg på Georgernes verft, der den høgtidlege markeringa av jubiléet vart halde. Hans Wergeland hadde mange gode historier å fortelje om korleis det har vore å bygge industrien i Gulen; frå uttak av sand heime på garden, fyrste blokkproduksjonen i fjøsen, til fabrikkbygging og overgang til industriell produksjon gjennom 60- og 70-talet. Og frå nyare tid med utbyggjing av industriområdet i Sløvåg. Betongprodusjonen vart flytta til Gulen Industrihamn i 1989. Etter dette har konsernet vakse frå 25 tilsette, til i dag 150 årsverk fordelt på betong, farleg avfall, rederi og pukkverk. Lars Hellandsjø fortalde om planar og visjonar i eit selskap med ei spanande framtid.

Den store overraskinga denne kvelden, ikkje minst for Hans Wergeland sjølv, var at han fekk kongens fortenestemedalje i gull. Denne vart overrekt av assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane. Hans Wergeland har alltid vore før si tid i tankebaner og utvikling av industri, og dette har sett sine spor i Norge. Markeringa på verftet vart avslutta av ”energibomba” Trond Haukedal som fekk alle opp mange hakk ved å inspirere til forbetring av kommunikasjon. Han klarte dette ved hjelp av både humor og undertone. Avsluttinga av markeringa tok alle attende til Hurtigruta der det var nydeleg julemiddag å få. Det var ei verdig avslutting på ei verdig 50-årsmarkering.